Bjørn Eidsvåg

Sidan oppstarten i 1971, har den folkekjære artisten Bjørn Eidsvåg skrive seg grundig inn i norsk musikkhistorie.

Det at Bjørn er utdanna prest, og i si tid arbeida innan psykiatrien, har i stor grad påvirka låtane hans og hans evne til å formidla dei på. Gjennom heile karrieren har Bjørn stått på retten til å sei kva man vil, uavhengig av livsynsbåsar.
Det var med albumet Allemannsland (1993) at Bjørn Eidsvåg slo gjennom for fullt i Norge. Plata solgte raskt over 60 000 eksemplarar. Suksessen vart fulgt opp med Landet lenger bak (1995) som passerte 100 000 som den første av Bjørn Eidsvågs plater. Begge utgivelsane vart følgt opp av landsomfattande turnéar med fulle hus og varme omtalar i pressa.
Bjørn Eidsvåg er framleis ein av Norges mest mestselgande artistar. Samtlege av albumane hans etter 1996 har vore på toppen av salslistene det året dei har vorte utgitt. Suksessen nådde nye høgdar med albumane Tålt og Rundt neste sving som begge solgte over 200 000 eksemplarar og toppa VG-lista i fleire veker.
No kjem Bjørn Eidsvåg til Bømlo og Kulleseidkanalen – for årets store sommarkonsert! Nytt høvet – ta turen og opplev kultur på Bømlo!
Velkommen!



Billettar til Bjørn Eidsvåg

Vis hele programmet
_
_
_