Mostraspelet "I slik ei natt"

For andre gong set Bømlo Teater opp Mostraspelet I slik ei natt i Moster Amfi. Over 3000 publikummarar såg framsyninga i urpremiereåret 2016 i det nyrenoverte amfiet. I slik ei natt fortel om det unge kongsemnet Olav Haraldsson gjennom hans reise frå nådelaus viking og drapsmann, til den kristne legenda seinare kjend som Heilag Olav.

Tindberg har knytt saman hendingar og personar på Moster med Olav Haraldsson på reise ute i verda. Handlinga føregår på Moster, i England, i Frankrike, om bord på skipa, på Selja og i Cadiz.

Alle er stader som ifølge kjeldene var avgjerande for Heilag Olav si danning. Tindberg har på meisterlig vis gjort problemstillingane like relevante for oss i dag som for menneska den gong, anten det gjeld tru eller menneskeverd. Han har òg fint fletta vågal humor saman med grunning over eksistensielle spørsmål om tru, liv og død.

Kristenretten som Olav Haraldsson heldt på Moster i 1024 definerte Noreg som rettsstat i overgangen frå norrøn- til kristen religion og samfunnsform, og innlemma Noreg i det moderne, katolske Europa.

Omlag 80 skodespelarar vil stå på scena i vår historie om Olav Haraldsson, ei god blanding av lokale amatørar og profesjonelle aktørar.
Seks musikarar står under leiing av komponist Kjetil Bjerkestrand.



Billettar til Mostraspelet "I slik ei natt"

  1. Fre 2. jun kl 18:00 Moster Amfi Kjøp
  2. Fre 2. jun kl 18:00 Moster Amfi Kjøp
  3. Lau 3. jun kl 18:00 Moster Amfi Kjøp
  4. Lau 3. jun kl 18:00 Moster Amfi Kjøp
  5. Søn 4. jun kl 18:00 Moster Amfi Kjøp
  6. Søn 4. jun kl 18:00 Moster Amfi Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_