Un Elisir d`Amore

I sommar kan du oppleva ekte italiensk teater i Moster Amfi, med alt som høyrer med; dramatikk, romantikk og humor, flotte kostymer og fin musikk!

Italia er kjent for sine flotte amfiteater og teatersjangeren Commedia dell`Arte har lange tradisjonar i landet. Denne teaterframsyninga er eit resultat av kulturutveksling mellom Moster Amfi og Mondonovo Cultura i Venezia.
Teaterstykket Un Elisir d`Amore er fritt basert på operaen ved same namn. Stykket handlar om bonden Nemorino som er stormforelska i den vakre Adina.
Han har imidlertid store problem med og utrykkja kjenslene sine for Adina, men etter å ha kjøpt ein kjærleiksleksir av Dulcemara så endrar dette seg. Men rivalen, Capitan Tredenti, må først overvinnast dersom han skal klara å vinna hjarta til sin kjære Adina!



Billettar til Un Elisir d`Amore

  1. Fre 28. jul kl 20:00 Moster Amfi Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_