Aleksander Hauge - Song, vers og forteljingar

Aleksander Hauge er visesongar og historieforteljar frå Visnes på Karmøy, og han er levande oppteken av Visnessamfunnet og av utvandrarhistoria til Amerika.

Han har vore primus motor for bevaring av det gamle gruveområdet på Visnes til bruk som gruvemuseum og parkanlegg, og for å ivareta lyngheiane med eit eige Lyngsenter. Han har motteke Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin!

Bømlo og Karmøy har mange fellestrekk, både som øysamfunn, gruvesamfunn og den felles bergverkshistoria som fortel at koparkisgruvene på Alvsvåg låg under Vigsnes Gruber på 1880-talet.

No kjem Aleksander Hauge til Moster Amfi med visesong og framifrå historieforteljing frå sitt liv og virke!

Velkommen!

Billettar til Aleksander Hauge

  1. Søn 18. mar kl 17:00 Moster Amfi,amfisal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_