Julehuset

Sundag 3.12 kl 15.00 spelast Julehuset på Langevåg bygdatun!
Torsdag 30.11 kl 17.00 er det premiere på Julehuset i Bømlo kulturhus! I år spelast framsyninga torsdag, fredag og laurdag i Bømlo kulturhus, og på Langevåg bygdatun sundag 3.12!
Julehuset har gjennom åra vore gjennom nokre endringar, men ingen har rokka ved historia til Mons og Mogens. Me møter mormor og Godrosa i det vesle raude huset i skogen, dansande snøfnugg og leikande nisseungar. Skogsnissane Mons og Mogens luskar som vanleg rundt og finn på nissestrekar. I fjor møtte me nokre nye nissar i skogen; fjellnissane. Kjem dei og trolla tilbake i år også?
Heile familien er velkomne til denne tradisjonsrike juleframsyninga. Dei 50 store og små skodespelarane vil laga god julestemning både på Langevåg og på Bremnes.

Langevåg bygdatun:
Søndag 3.12 kl 15.00

Billettar: bomlo.net

Billettprisar:
Vaksne: kr 215-
Born: kr 150,-

Etter Julehuset vært det tenning av Julegrana i lag med Hillestveit musikkorps kr. kl. 17:00.
Kafe i kultursalen m.m.

Billettar til Julehuset

  1. Søn 3. des kl 15:00 Bygdatunet,Idrettsha Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_