Julekonsert Arne Kvarven med flere

Laurdag 16. desember er det igjen klart for julekonsert med Arne Kvarven, Ole Jacob Hystad og Håkon Tolås. Dei spelar musikk frå den klassiske sjangeren, via opera, jazz og Kenneth Sivertsen til dei finaste juleperler.

Kvarven, Hystad og Tolås danna trioen som eit spontant prosjekt i 2014. Resultatet blei ikkje berre to vakre intimkonsertar i Moster Amfi, men og eit varig samarbeid mellom dei tre musikarane. Trioen ynskjer difor å skape den same gode julestemninga igjen og inviterer for fjerde år på rad til julekonsert i Amfisalen i Moster Amfi.

 

Saksofonisten frå “Storn”, Ole Jacob Hystad, har vore frilansar i over 30 år, og det høyrest -  tolk det som du vil. Hystad speler fast med Bergen Big Band, Organ Jam og har att på til ein eigen jazzkvintett. Han har turnert og spreidd musikkbodskapen i inn og utland i fleire tiår, gjeve ut to cd'ar i eige namn og medverka på om lag 40 cd-innspelingar med andre band/artistar. Hystad synest det er minst like kjekt å spele på Bømlo som på Huglo.

 

Pianisten frå Moster, Håkon Tolås, byrja å spele piano i tiårsalderen og gjekk fleire år i lære hos Inge Håvard Habbestad. Ein av dei første gongane han akkompagnerte andre, var for klassekoret under ein julefest på Moster skule. Habbestad hadde lært han akkordane til "Den store stjerna", og landskapet med gehørspeling opna seg. Sidan den gong har han blitt inspirert av både nyare klassiske salmar og dessutan gospel, og har såleis utvikla ein særeigen spelestil. Fleire år som Music Director i ein menighet i London, har også vore med på å setje sitt preg på tonane han tryllar fram frå klaveret.

Songaren frå Bremnes, Arne Kvarven, byrja syngje alt som unggut. Då var han å sjå i ulike musikalar og oppsetjingar i Sunnhordlandsdistriktet. Han byrja etterkvart på musikklina på Stord vidaregåande skule, der han i 2011 vart tildelt hovudrolla i musikalen "Spelemann på taket". Han vart deretter tatt opp i Griegakademiet sitt talentutviklingsprogram "Unge Musikarar", der han fekk songundervisning hjå professor Harald Bjørkøy. Etter vidaregåande gjekk turen vidare til Griegakademiet i Bergen, for å studere klassisk song og forsetje samarbeidet med professor Bjørkøy. Dette har resultert i debut som tenor i Händel sitt "Messias", etterfulgt av fleire tenorparti i Requiem og messer. Kvarven vann den internasjonale songarkonkurransen NINA SOLO Competition i 2013, og fekk Kenneth Sivertsen-prisen i 2014. Det er ein pris han er stolt over å ha mottatt, ettersom Kenneth sin musikk er til stor glede og inspirasjon for den unge tenoren.

Håpar du kjem! Me gler oss!

Billettar til Julekonsert Arne Kvarven med flere

  1. Lau 16. des kl 17:00 Moster Amfi,amfisal Les meir Kjøp
  2. Lau 16. des kl 19:30 Moster Amfi,amfisal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_