GITAR DUO

Rey Larsen – gitarist, låtskrivar, produsent og artist.
Per Olav Kobberstad – gitarist, komponist

Reidar Larsen vaks opp på ein liten gard på Lykling på Bømlo, i ein stor og musikalsk familie med 11 born. Alt som 16-åring var Rey ein habil solo gitarist som saman med familie og vener danna band. Dei reiste rundt og spelte ulike coverlåtar, og dette var med på å skapa grunnlaget for den vidare karriera hans som gitarist, låtskrivar, produsent og artist.

Rey Larsen sin sjanger er klassisk, jazz, rock og blues, inspirert av dei store gitaristane, men både tekst og musikk har utvikla seg undervegs i livets ulike fasar. Han har vore med i fleire band, men har hovedsakelig jobba som trubadur. Han har gitt ut 22 album, det siste blir kalla "22 returning to the Stars". Nyleg gav han ut singelen «Sending peace and blessings».

Per Olav Kobberstad starta som 10 åring med å læra seg populærmusikk og rock. Han vart etterkvart meir interessert i jazz, latin og folkemusikk, og er i dag anerkjent både i inn- og utland. Han har gitt ut fleire album, og delteke på internasjonale festivalar. Per Olav Kobberstad bur på Stord, er både gitarist og komponist, og han er ein av dei få som spelar 8 strengs akustisk gitar.

Vel møtt til ei flott konsertoppleving i Amfisalen!

_
_
_