1

Bedehuskulturen i Sunnhordland

Søndag 28.april tek Jane Jünger med seg Otto Ersland og Håkon Tolaas. Då vert temaet: «Søte, salige Sunnhordland – minner og songar frå bedehusland». Foredraget er bygd på boka: «Søte, salige Sunnhordland – ei bok om bedehus, basar og gode kaker». Redaktør for boka, Otto Ersland og forfattar, Jane Jünger ynskte å sjå på kva for tradisjonar me har av kaffimat i vår region og enda opp i bedehus og foreiningar. Dei oppdaga at her lever tradisjonen framleis og vert teken godt hand om av driftige damer med store hjarte.
Håkon Tolaas byrja å spele piano i 10-års alderen og kunne etterkvart sitje i fleire timar å spele for eigen glede og utvikling. Han er ein pianist inspirert av både nyare klassiske salmer og moderne gospel med innspel av jazz og har etterkvart utvikla sin eigen spelestil. Denne ettermiddagen kjem han til å trylle fram tonar å nyte og kanskje kan ein og synge med!
Det vert og ein smak frå bedehustradisjonen. Kven hugsar ikkje spiralloffen med epleskiver og ripsgele eller fiskepudding? Tradisjonane er mange, og kanskje får smakslaukane eit gjensyn med kjære, gode minner? Bli med i Moster Amfi på ei kulturell reise med musikk og smak!

_
_
_