1

Doddo kjem til Moster Amfi! Bli med på ei musikalsk reise!

For dei som ikkje har kjøpt julegåve enno, er dette eit hot tips! I løpet av ein god time tar Doddo deg med på ei musikalsk reise som får deg til både å le og tenke. Først og fremst presenterer han songar frå den nye og samfunnsengasjerte plata: ”La oss ta en idealist”. Albumet er blitt svært godt motteke av både pressa og publikum. Bergens Tidende skreiv blant anna: ”Vi trenger Doddos vakre og vonde ord om hverdagshat og apati”, og ga albumet fem av seks hjerter.
Doddo har med sin eminente gitarist Daniel Birkeland og saman spelar dei låtar frå ”La oss ta en idealist”, pluss nokre gamle Unge Frustrerte Menn-songar, og kanskje blir det også ein bossanova eller to. Doddo er trass alt halvt brasiliansk!

_
_
_