1

Dugnadskonsert i Moster kyrkje

Orgelkomiteen og Moster sokn har gleda av å invitere til ny dugnadskonsert til inntekt for nytt orgel i Moster kyrkje. Alle aktørane stiller utan honorar, all inntekter går til orgelfondet.
18.10 har me gleda av å få høyre Bømlo Gospel, Lene Nesse, Eirik Nitter, Ingebjørg Andrea Ådnanes og Simon Madsen.
Bømlo Gospel vart starta opp hausten 2014 av Laila Hansen Røksund. I 2019 overtok Øystein Lund Olafsen som ny musikalsk leiar. Koret har samarbeidd med Gaither-legendene Russ Taff og Lynda Randle. Dei har eigen romjulskonsert, påskekonsert og gospelnights.
Lene Nesse er mykje nytta som songsolist i ulike samanhengar
Eirik Nitter er ein ung saksofonspiller, han og bandet deltok i UKM i Januar og var blant dei som gjekk vidare til Fylkesfinalen
Ingebjørg Andrea Ådnanes er født og oppvaksen på Karmøy, og er i dag busett på Bømlo. Ho har tidlegare samarbeida med Hanne Krogh (vore meir eller mindre fast med Hanne), ho var og med i Team Hanne i “Det store korslaget”, som gjekk på TV2, kom til semifinalen i IDOL, har jobba med VAMP, Hellbillies, Voice Of Joy, og mange fleire.
Ingebjørg opptrer i lag med Simon Madsen som er født og oppvaksen på Bømlo. Han begynte tidleg å spele piano og bevegar seg i dag innanfor eit vidt spekter av musikk-sjangrar med eit spanande musikalsk uttrykk. Han spelar like gjerne klassisk kyrkjeorgel som jazzpiano. Gjennom dei siste åra har han spela for fleire etablerte artistar som Solveig Leithaug, Ingrid Leithaug Mjanger (Ophelia Hope), Eva Vea, Solfrid Brekkå, Bjarte Leithaug, Eyvind Skeie og mange fleire. Simon har og lang erfaring som pianist/keyboardist i gospelkor som Zenith, Kenanja, Decor og Bømlo gospelsom 3-4

_
_
_