1

Gabrielas jul

Kompani Andersen og Moster Amfi ønskjer velkomen til ei spanande lita julefortelling.
Den handlar om Engelen Gabriela som får eit engleoppdrag saman med Englemamma.
Dei må reisa til jorda for å hjelpa ein liten nissegut som er i sorg.
På sin veg møter Gabriela nokre små, fnisete mus og ein gjeng reinsdyr som øver til juleshowet sitt.
Reinsdyra er skikkeleg bekymra for Rudolf, som har lagt seg sjuk midt i julestria, og midt oppi alt er Engelen Amor uheldig og skyter ei pil rett i hjarta til Gabriela, som vert hovudstups forelska i Nisseguten ho er sendt ut for å hjelpa. Nisse- Lise vil berre kyssa, og pakkemaskinen går heilt i stå.
Korleis skal dette gå? Vert nisseguten glad igjen? Vert det jul i Nisseland? Vert det noko kyssing på Nisse-Lise? Og kva i all verden er i vegen med Rudolf?

Førestillinga vert spelt i Amfisalen. Det er plass til ca. 30 personar. Det løner seg å vera tidleg ute og sikra seg plass!
Det er fint om de bestiller i kohortar. Retningslinjer vedr. Covid-19 vert til ei kvar tid følgt.

Billettar til Gabrielas jul

  1. Lau 28. nov kl 11:30 Moster Amfi Les meir Utseld
  2. Lau 28. nov kl 13:00 Moster Amfi Les meir Kjøp
  3. Lau 28. nov kl 14:30 Moster Amfi Les meir Utseld
  4. Søn 29. nov kl 11:30 Moster Amfi Les meir Utseld
  5. Søn 29. nov kl 13:00 Moster Amfi Les meir Utseld
  6. Søn 29. nov kl 14:30 Moster Amfi Les meir Få billettar
Vis hele programmet
_
_
_