1

Gabrielas jul

Gabrielas jul
Kompani Andersen og Langevåg Bygdatun ønskjer velkomen til ei spanande lita julefortelling.
Den handlar om Engelen Gabriela som får eit engleoppdrag saman med Englemamma.
Dei må reisa til jorda for å hjelpa ein liten nissegut som er i sorg.
På sin veg møter Gabriela nokre små, fnisete mus og ein gjeng reinsdyr som øver til juleshowet sitt.
Reinsdyra er skikkeleg bekymra for Rudolf, som har lagt seg sjuk midt i julestria, og midt oppi alt er Engelen Amor uheldig og skyter ei pil rett i hjarta til Gabriela, som vert hovudstups forelska i Nisseguten ho er sendt ut for å hjelpa. Nisse- Lise vil berre kyssa, og pakkemaskinen går heilt i stå.
Korleis skal dette gå? Vert nisseguten glad igjen? Vert det jul i Nisseland? Vert det noko kyssing på Nisse-Lise? Og kva i all verden er i vegen med Rudolf?

Førestillinga vert spelt i Kultursalen. Det er plass til 80 personar. Det løner seg å vera tidleg ute og sikra seg plass!
Det er fint om de bestiller i kohortar. Retningslinjer vedr. Covid-19 vert til ei kvar tid følgt

Billettar til Gabriellas jul

  1. Søn 6. des kl 16:00 Bygdatunet,Kultursal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_