1

Gjenhøyr med gamle cabaretlåtar frå 80 - talet.

Gjengen som er samla denne kvelden er ei blanding av gamle samarbeidspartar gjennom mange år og eit godt eksempel på flott, musikalt samarbeid mellom Stord og Bømlo. Her finn me veteranar både frå Chiclets og Bømloteateret, men også forsterkningar av yngre krefter.
Per Øystein Kannelønning, Olav Skorpen og Åge Ottesen har alle sin bakgrunn i bandet Chicklets som var store på Stord heilt sidan 1960-talet. Dessutan har dei delteke i alle dei store cabaretane som Bømloteateret i si tid sette opp, men og utallige andre underhaldningsoppdrag.
Johan Kr. Nesse, Kjell Olav Skaret og Johannes Hjelland er veteranar frå Bømloteateret som vart starta i 1973. Dei har alle lang fartstid i teaterarbeid, kystkultur og underhaldning. I seinare år har dei saman med ein del andre entusiastar starta gruppa ”Flo Sjø”, der kystkultur, visesang og lokalhistorie står i høgsetet. Finn Daynes er også ein veteran frå Bømloteateret og har dessutan vore med i Bømlo Musikallaug og aktiv på revyscenen på Bømlo i mange år. John Magne Sørensen er eit sentralt medlem av Flo Sjø. Han er også levande oppteken av kystkultur, er aktiv både på sjø og land og har alltid med seg eit av dei mange trekkspela sine.
Denne gjengen skapar liv og godt humør! Dette vert ein mimrekveld med nostalgiske perler og spicy suppe på billetten.

Billettar til Gjenhøyr med gamle cabaretlåtar frå 80 - talet.

Vis hele programmet
_
_
_