1

Konsert med Heine Totland, Sigurd Sele og Joakim Vikanes.

22.03.20 inviterer Orgelkomiteen og Moster sokn til dugnadskonsert i Moster kyrkje.
Gjester denne gong er Heine Totland, Sigurd Sele og Joakim Vikanes, som vil ause frå sitt rikhaldige repertoar av musikalske godbitar. Me kjem til å få høyre låtar av Kenneth Sivertsen, nokre av Elvis sine gospel-låtar og mykje meir. Moster kyrkjekor, Bømlo kyrkjekor og kantor Øystein Skullerud vil også delta på konserten.

Konseptet dugnadskonsert er at aktørane stiller opp gratis, slik at alle gåver/billettinntekter går til orgelprosjektet. Målet er å arrangere dugnadskonsert èin gong per halvår frå hausten 2019 til hausten 2023. Me baserer oss på lokale aktørar eller aktørar med tilknyting til Moster/Bømlo i større eller mindre grad. Me prøver å få til eit variert program på konsertane våre, slik at me får fram bredda i det musikalske tilbodet i soknet.
Velkomen til dugnadskonsert!

_
_
_