Jazz og poesi

Truls Horvei
Ole Jacob Hystad
Ole Amund Gjersvik

Horvei og Hystad sitt duoprosjekt er ved dette høvet utvida med Ole Amund Gjersvik. Trioen framfører Horvei sine eigne dikt i god og stødig jazz & poesitradisjon.

Musikken er gjerne standard jazzlåtar, pluss mykje improvisasjon, medan Horvei les sine eigne dikt, inspirert av alt frå beatpoesi til haiku og surrealisme. Han les bl.a. frå boka «Fars stemme».

Truls Horvei har gitt ut åtte diktbøker og seks CD-ar med musikk og poesi. Den siste boka, «Fars stemme», kom våren 2017. Truls Horvei er frå Bergen og busett på Stord.

Ole Jacob Hystad har eigen kvartett og er ein mykje brukt jazzmusikar. Han har eit par eigne utgjevingar og har medverka på mange album. Han er frå Stord, der han og bur.

Ole Amund Gjersvik er kjent som soloartist, bandleiar og var i si tid med i Trang Fødsel. Han har spela med utallige artistar her heime, f.eks. Kenneth Sivertsen, Herborg Kråkevik, Ole Paus og Frode Grytten. Gjersvik bur i Bergen.

Billettar til Truls Horvei/Ole Jacob Hystad/ Ole Amund Gjersvik

  1. Søn 16. sep kl 17:00 Moster Amfi,amfisal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_