1

Vetahaugen – 1000 år tilbake i tid

Familieframsyning på Vetahaugen.

Bli med gardsfolket frå Teigland på ei tidsreise tilbake til vikingtida.
Publikum får ei teatervandring på Vetahaugen kor sagn og myter blir
fortalt fleire stader på vegen. Store og små skodespelarar frå Bømlo Teater gir liv til historiene og tek oss med til sitt Moster for 1000 år sidan.
Dette er ei familieframsyning og runden tek om lag ein time.

Billettar på bomlo.net
Kun 30 billettar per framsyning. Oppmodar publikum til å kjøpe på nett.

Framsyningar:
Larudag 27.6 kl 12
Sundag 28.6 kl 12 og 14

Laurdag 4.7 kl 12 og 14
Sundag 5.7 kl 12 og 14

Larudag 11.7 kl 12 og 14
Sundag 12.7 kl 12 og 14

Bømlo Teater og Moster Amfi ynskjer store og små hjarteleg velkomne!

_
_
_